Fiske i Bergsdalen

Det finns mange fine fiskevatn med mykje fisk i Bergsdalsfjellea, så ta gjerne med fiskestong. Spør betjeninga på Bergsdalshytta om kvar du kan kjøpe fiskekort før du dreg i veg.

I området rundt Vending får ein sjeldan storfisk, men det er mykje småvoksen fjellaure i tjernet like nedafor hytta. Om ein fylgjer stien mot Gullhorgabu, kjem ein fyrst til stølane ved Søyesete. Perfekt for dei yngste, med ein flott stølsvoll der fisk og niste kan nytast.
Vil ein ha litt større fisk, er det eit kvarter å gå til Søyevatnet. Både her og i mange tjern rundt vatnet er det fisk på ein kvart kilo, ofte flott og raud i kjøtet.
Fisken i dei fleste vatn rundt Høgabu er av god kvalitet, og ofte rundt halvkiloen. I Skarvavatnet, Oddmundalsvatnet og Storlitjønna kan ein få storfisk på både eitt og to kilo. Men til middag er det rikeleg med fisk i Tjørnadalsvatnet. Sidan dette er høgt oppe, er den beste tida for fiske i august.

Foto: Fiske i Tjørnadalsvatnet. Helge Sunde / UT.no (cc)