Sykling i Bergsdalen

Den gamle hovudvegen mellom Bergen og Voss gjekk gjennom Bergsdalen. Vegen vart opna i 1910. I dag er det mindre trafikk her og vegen er ypperleg eigna for sykkelturar. Frå Bergsdalshytta til Hamlagrø og vidare til Bulken og vidare til Voss er ein fin tur på ca. 60 km som kan kombinerast med andre aktivitetar […]

Kiellandbu

Kiellandbu har ei spektakulær plassering på Løkjedalsnuten med imponerande utsikt mot Botnen, Fyksesund og Folgefonna på andre sida av Hardangerfjorden. Denne lille hytta med 5 senger ligg like ved stien langs den populære T-merka ruta fra Bergsdalen og Botnen i Hardanger. Om sommaren startar ein turen frå Hodneberg i Bergsdalen eller frå Hamlagrø. Hytta når ein […]

Vending

Vending ligg 2-3 timar vandring frå vegen og på ca. 820 meter høgde med utgangspunkt frå Hamlagrøosen. I området til og rundt Vending er det eit ypparleg turterreng både sommar og vinter. Vil ein utvide turen og vêrutsiktene er bra, kan ein gå vidare til Breidablikk og Skrott som ligg 1320 moh. Foto: Torgeir Matre / UT.no […]

Hamlagrøhornet

Hamlagrøhornet er også eit populært mål for turgåarar både sommar og vinter. Turen startar fra nordsida av Bergsdalsvegen ved Alexander Grieg-hytta og vidare på T-merka sti til Hamlagrøhornet som ligg på 1080 moh. Terrenget er småkupert med fine toppar, og med fleire fiskevatn langs ruta. Turen tek ca. to timar opp og ein time ned. Foto: Einar […]

Lid-Høgabu

Lid-Høgabu er ein tur på 2 timar som kan gjerast heile året, om vinteren på ski. Høgabu ligg på 1028 moh og her finns det også ei DNT hytte. Undervegs er det rikeleg med fisk i elvar og vatn. Fiskekort for Bergsdalen Jordbrukslag kan du kjøpe hos grunneigarane. Spør betjeninga på Bergsdalshytta om hjelp til dette. […]

Gullhorgabu

Gullhorgabu ligg ca. 3 timar vandring frå bilvegen i Bergsdalen. Turstien går på den kulturhistoriske vegen, Militærveien, som vart bygd som transportveg mellom Voss og Samnanger på slutten av 1920-tallet. Dette er ein fin tur både for store og små. Her kan ein stadvis gå gjennom eit variert, spennande og samtidig lettgått terreng. Du bør […]

Skiturar i Bergsdalen

Vintertid er Bergsdalen eit eldorado for skiturar med sikre og gode snøforhold, merka løyper, eigen skileik-stadion og preparerte løyper på Lid, samt flotte løyper i fjella der ein også kan legge turen innom ei av DNT sine hytter som det finns fleire av i området. Dei fleste turane ein kan ta om sommaren kan også […]

Lid-Verpelstad-Bolstadfjorden

Lid-Verpelstad-Bolstadfjorden er ein lengre, middels tung dagstur på 5-6 timar. Frå Lid til Verpelstadnipa tek det ca. 3 timar. Turen startar med ein bratt kneik før resten av turen går i småkupert terreng til toppen på ca. 900 moh. Deretter er det ca. 2 timar med relativt bratt terreng på merka sti ned til Bolstadfjorden. Turen […]