Historikk

Bergsdalhytta i bakgrunnen. Foto frå seint på 50-tal eller tidleg 60-tal. Foto: ukjend

Bergsdalshytta var opprinneleg bygd som ei brakke av tyskarane under 2. verdskrig. Etter krigen vart hytta rive og bygd opp att der den står i dag. Etter krigen vart bygget tatt i bruk av Bergen Kommunale Kraftselskap (BKK) i forbindelse med anleggsarbeid og kraftverkutbygging i Bergsdalen. Seinare overtok Bergen Lysverker hytta som firmahytte før den på 1980-talet igjen vart overteke av BKK. I 2008 solgte BKK hytta til noverande, lokale eigarar i Bergsdalen. Bergsdalshytta har blitt benytta som utleigehytte sidan 2008.