Foto: Signe Sellevold

Omfattande oppgradering

I 2017 starta vi ein omfattande oppgradering der overnattingsrom, fellesrom og kjøkken i Bergsdalshytta skal få betre standard og auka komfort. Så langt er alle vindauge i bygget skifta og i løpet av 2018 vil både peisestova og opphaldsrom / matstove bli oppgradert. På nokre av romma vil det komme toalett og dusj, og på litt lengre sikt vil alle rom ha eige toalett og dusj.

Etterkvart vil også kjøkkenet bli skifta ut med nye og moderne kjøkkenfasilitetar. Det vil også bli etablert ny varmestove og fellesareal, nytt inngangsparti og ei vesentleg opprusting av utearealet som også sikrar universell utforming.

Illustrasjon: Birthe Milsom, Foto: Magne Sandnes, Toppfoto: Magne Sandnes