Om Bergsdalen

Foto: 1: / 2: / 3: André Marton / Bergen og Hordaland Turlag /4: /5: Birgitte K. Jordal

BELIGGENHET

Bergsdalen ligg i Vaksdal kommune, vel 1 time køyretur frå Bergen og ein halvtime køyring frå Voss. Sjølve dalen er ca. 20 km lang og strekkjer seg frå tettstaden Dale gjennom jordbruksbygder opp til fjellområda ved Hamlagrø på grensa til Voss. Bergsdalen er innfallsporten til attraktive fjellområde og går gjennom heile dalen, omkranset av eit variert og spennande kulturlandskap og høgfjell.

Vegen gjennom Bergsdalen var tidlegere ein del av hovudvegen mellom Oslo og Bergen. Vegen er til dels smal og svingete og er kjenneteikna av dei bratte bakkane 400 meter opp frå Dale til demninga ved Storefossen. Herifrå vider dalen seg ut og midtvegs innover i dalen finn ein gardane Brække og Lid. På Lid finn ein også ei vakker steinkirke bygd i 1955. Kyrkja er bl.a. populær for bryllaup i Bergsdalen der ein bruker både Bergsdalshytta og Bergsdalstunet for overnatting og mat.

Bergsdalen har eit variert og mykje brukt turterreng heile året, og er populært for friluftsliv. Her finns vel 300 hytter og dei fleste ligg i fjellområdet øvst i dalen. Mange av innbyggarane i Vaksdal bruker Bergsdalen som rekreasjonsområde heile året. Området er rikt på merka stiar, kulturminne og gamle ferdselsvegar.

Fugle- og dyrelivet i Bergsdalen er variert, og du kan mellom anna møte reinsdyr (tamrein), hjort, hare, røyskatt, lemen og rev på tur i området. I Bergsdalen beiter mellom 350 til 500 reinsdyr. Desse er definert som tamrein. Stamma er godt forvalta og dyra er store og flotte. Ferdast du stille og er heldig, kan du få auge på fine flokkar, til dømes mellom Hamlagrø og Vending. Bergsdalen har eit rikt fugleliv med mange artar som rype, orfugl, heilo, kongeørn, fjellvåk, falk og ugle

Bergsdalshytta ligg like før Lid og har til saman 45 senger fordelt på 15 rom. I tillegg har hytta stor peisestove, felleskjøkken og opphaldsrom/etestove. I sommarsesongen vert rom m/frokost tilbydt for individuelle reisande, medanhytta vert leigd ut under eitt resten av året. Særleg i helgene er hytta mykje etterspurt blant organisasjonar, foreningar og lag som har helgesamlingar. Vel 1 km lengre inn i dalen finn ein Bergsdalstunet som driv gardsdrift og tilbyr overnatting, møtelokale og selskapslokale for store og små selskap med opptil 70 personer.

AKTIVITETAR I BERGSDALEN

Vandring i Bergsdalen

Dersom de ynskjer å tinge lokal guide for vandring i Bergsdalsfjella så formidlar vi gjerne dette. Guiding kan tilbys på fleire språk. Be oss gjerne om tilbod på dette ved bestilling. Foto: Birgitte K. Jordal

Fiske i Bergsdalen

Det finns mange fine fiskevatn med mykje fisk i Bergsdalsfjellea, så ta gjerne med fiskestong. Spør betjeninga på Bergsdalshytta om kvar du kan kjøpe fiskekort før du dreg i veg. I området rundt Vending får ein sjeldan storfisk, men det er mykje småvoksen fjellaure i tjernet like nedafor hytta. Om ein fylgjer stien mot Gullhorgabu, […]

Matservering på Bergsdalstunet

Bergsdalhytta byr på kortreiste matopplevingar og samarbeider mellom anna med den prisvinnande restauranten på Bergsdalstunet. Olaug Fagerbakke og Helge Terje Fosse er vertskap på garden på Lid. Dei tek imot både store og små selskap. På Bergsdalstunet får ein servert eigenproduserte kjøtvarer med råstoff frå garden, somtil dømes kalv og lammepølse, nydelege karbonadar og pinnekjøt. […]

Firma og lag

Ynskjer verksemda å kombinere fagleg påfyll med naturbaserte opplevingar? Då er Bergsdalshytta ein perfekt stad. Hytta passar for møter med opp til 25 personar. Bergsdalen er kjent som eit eldorado for utandørsaktivitet. Ynskje de å ta del i organiserte aktivitetar som til dømes guida sykkel-, ski-, fiske- eller vandreturar, organiserer vi gjerne dette for dykk. På Bergsdalshytta ligg […]

Bryllaupspakke

Har du noko å feira? Kanskje eit giftarmål i vakre Bergsdalskyrja?Vi formidlar kontakt med leverandørar som kan sørgjer for at rammene ligg til rette for ein minnerik dag i vakre omgjevnader. Overnatting: Bergsdalshytta Signe Sellevold Mobil: 976 510 93 Send epost Bergsdalstunet tlf 932 13 213 Send epost Kyrkje: Bergsdalen kyrkje, Vaksdal kyrkjekontor: tlf 976 […]

Bergsdals-jordbær

På Bergsdalsgarden har same familie drive garden i mange generasjonar og ein av deira spesialitetar er Bergsdalsjordbæra. Jordbæra er dyrka fram på dei solvendte åkerane i 500 meter høgde og er viden kjent for den gode smaken. Mineral- og næringsrik jord kombinert med høgde gir ein lang vekstsesong, noko som gir jordbæra ein utroleg smaksrikdom […]

Bergen

Har du base i Bergsdalen og vil oppleve bylivet er ikkje Bergen lenger unna enn 1 ½ time køyring med bil, eller ein kan ta tog frå Dale (ca 40 min). Bergen er eit populært reisemål og absolutt verdt eit besøk. Bryggen, Fisketorget, Fløibanen, Akvariet og Troldhaugen er nokre av dei mest kjente og populære attraksjonane […]

Voss

Voss ligg ca. 60 km køyring frå Bergsdalshytta og er ein eigna stad for ei dagsutflukt anten med eigen bil eller som ein sykkeltur. På Voss er det et stort tilbod av utandørsaktivitetar som eigen klatrepark, rafting, familierafting, juvvandring og fosserappellering. VossVind er ein vindtunnel der ein kan oppleve å fly i trygge og kontrollerte […]