Om Bergsdalshytta

Foto nr. 1 og 3: Signe Sellevold. Foto nr. 2, 4-7: Magne Sandnes.

HISTORIE
Bergsdalshytta var opprinnelig bygd som ei brakke av tyskarane under 2. verdskrig. Etter krigen vart hytta rive og bygd opp att der den står i dag. Bygget vart etter krigen tatt i bruk av Bergen Kommunale Kraftselskap (BKK) i forbindelse med anleggsarbeid og kraftverkutbygging i Bergsdalen. Seinare overtok Bergen Lysverker hytta som firmahytte før den på 1980-talet igjen vart overtatt av BKK. I 2008 solgte BKK hytta til noverande, lokale eigarar i Bergsdalen.

BERGSDALSHYTTA
Bergsdalshytta har vore nytta som utleigehytte sidan 2008. Bygget har 45 senger fordelt på 15 rom i tillegg til stor peisestove, felleskjøkken, matstove og opphaldsrom samt garderober, dusj og toalettfasilitetar. Romma er fordelt over to etasjar med nokre 4-sengsrom og nokre dobbeltrom. Standarden er enkel og god, men det er ikkje dusj og toalett på romma i dag. Her må ein nytte felles dusj og toalett. I 1. etasje er det eit stort felleskjøkken som leigetakarar kan nytte til eigen matlaging. I tilknytning til kjøkkenet er det eit stort opphaldsrom/etestue og ei koseleg peisestove med god kapasitet. Kjellearen er til dels innreia med eit hobbyrom, boder, lager og toalett og dusj.

Bergsdalshytta vert leigd ut samla, og er særleg populær å leige i helger, og i påske og juleferiar. Hytta kan også leigast på vekedagar for ein eller fleire dagar.

Bergsdalshytta samarbeider med Bergsdalstunet som er eit koseleg og nyrestaurert hus frå 1934 på garden Lid i Bergsdalen. Bergsdalstunet ligg nokre hundre meter lengre inn i dalen og er godt utstyrt med moderne komfort. Bergsdalstunet har eit særs godt kjøkken og kan levere lunsj og middag for grupper som ynskjer det.

MØTER OG KURS
Bergsdalshytta er ideell som samlingsstad for mindre møter og kurs. Her kan ein samlast i rolege og naturskjønne omgjevnader, minimalt med støy og forstyrringar og utan fare for at deltakarane «dreg på byen» om kvelden. Dersom ein ynskjer å lage maten sjølv er dette for mange ein populær teambyggings-aktivitet og kjøkkenet vårt står klart til disposisjon. Vi har også eit nært samarbeid med Bergsdalstunet som serverer middag basert på lokale råvarer og med alt som trengs til.

Vi har 15 rom til disposisjon og dersom ein er mer enn 15 personar må nokre deltakarar dele rom. Møterommet er enkelt og praktisk med de nødvendige hjelpemidler som trengs for møteverksemd.

Dersom ein kjem med tog fra Bergen kan transport med eigen buss til og frå Dale stasjon bestillast.

Heile hytta er til disposisjon for arrangøren.

BRYLLUPSPAKKE
Har du noko å feira? Kanskje eit giftarmål i vakre Bergsdalskyrja? Ta kontakt med oss så sørgjer me for at rammene ligg til rette for ein minnerik dag i vakre omgjevnader.

FASILITETAR

45 sengeplassar

Kjøkken

Moglegheit for å bestille transport