Gullhorgabu

Gullhorgabu ligg ca. 3 timar vandring frå bilvegen i Bergsdalen. Turstien går på den kulturhistoriske vegen, Militærveien, som vart bygd som transportveg mellom Voss og Samnanger på slutten av 1920-tallet. Dette er ein fin tur både for store og små. Her kan ein stadvis gå gjennom eit variert, spennande og samtidig lettgått terreng. Du bør rekne lenger tid om går du med barn.
Turen går i småkupert og lett terreng med fine fiskevatn som perler på ei snor. Etter ein halv time passerer du Moastølen frå ca.1890. Her går det ville Moagjelet innover mot sør. Frå Storlitjørni stig terrenget mot det høgaste punktet på turen, Høgdi. Her er ein rasteplass med ein runestein, til minne om slaget ved Gulltjørna for ca. 1000 år sidan: vossakongen og samningakongen møttes her til kamp. Samningane vart jaga på flukt. Men før kongen og mennene hans forsvann, skal han ha kasta eit gullbord i Nedsta Gulltjørna, som har fått sitt namn etter sagnet. Gullhorgabu har fått namn etter fjellet Gullhorga som rager 1020 moh.

Foto: Birgitte K. Jordal