Kiellandbu

Kiellandbu har ei spektakulær plassering på Løkjedalsnuten med imponerande utsikt mot Botnen, Fyksesund og Folgefonna på andre sida av Hardangerfjorden. Denne lille hytta med 5 senger ligg like ved stien langs den populære T-merka ruta fra Bergsdalen og Botnen i Hardanger. Om sommaren startar ein turen frå Hodneberg i Bergsdalen eller frå Hamlagrø. Hytta når ein lett både sommar og vinter.

Dersom de ynskjer å tinge lokal guide for vandring i Bergsdalsfjella så formidlar vi gjerne dette. Guiding kan tilbys på fleire språk. Be oss gjerne om tilbod på dette ved bestilling.

Foto: André Marton Pedersen / Bergen og Hordaland Turlag