Lid-Høgabu

Lid-Høgabu er ein tur på 2 timar som kan gjerast heile året, om vinteren på ski. Høgabu ligg på 1028 moh og her finns det også ei DNT hytte. Undervegs er det rikeleg med fisk i elvar og vatn. Fiskekort for Bergsdalen Jordbrukslag kan du kjøpe hos grunneigarane. Spør betjeninga på Bergsdalshytta om hjelp til dette. Stien til Høgabu er T-merka.