Lid-Verpelstad-Bolstadfjorden

Lid-Verpelstad-Bolstadfjorden er ein lengre, middels tung dagstur på 5-6 timar. Frå Lid til Verpelstadnipa tek det ca. 3 timar. Turen startar med ein bratt kneik før resten av turen går i småkupert terreng til toppen på ca. 900 moh. Deretter er det ca. 2 timar med relativt bratt terreng på merka sti ned til Bolstadfjorden. Turen kan ein gå frå mai og gjennom heile sommarsesongen. Frå Bolstad må ein sjølv ordne med transport, eventuelt bestille dette, tilbake til Bergsdalen.

Dersom de ynskjer lokal guide for vandring i Bergsdalsfjellene så formidlar vi gjerne dette. Guiding kan tilbys på fleire språk. Be oss gjerne om tilbod på dette ved bestilling.

Foto: Birgitte K. Jordal