Skiturar i Bergsdalen

Vintertid er Bergsdalen eit eldorado for skiturar med sikre og gode snøforhold, merka løyper, eigen skileik-stadion og preparerte løyper på Lid, samt flotte løyper i fjella der ein også kan legge turen innom ei av DNT sine hytter som det finns fleire av i området. Dei fleste turane ein kan ta om sommaren kan også nyttast som skiturar om vinteren.

Vending er eit populært mål for ein skitur. Terrenget er også eigna for pulk. Start turen frå Hamlagrøosen og fylgj kvista løype. Turen tek 2-3 timar. Løypa er kvista frå februar og til etter påske.

Turar til Kiellandbu, Høgabu og Hamlagrøhornet er også populære skiturar om vinteren.

Foto små, nr. 1: Birgitte K. Jordal / Foto nr. 2: André Marton Pedersen / Bergen og Hordaland Turlag / Foto nr. 3: Ukjent / Foto nr. 4: / Foto nr. 5: Einar J. Grieg / UT.no (cc)