Sykling i Bergsdalen

Den gamle hovudvegen mellom Bergen og Voss gjekk gjennom Bergsdalen. Vegen vart opna i 1910. I dag er det mindre trafikk her og vegen er ypperleg eigna for sykkelturar. Frå Bergsdalshytta til Hamlagrø og vidare til Bulken og vidare til Voss er ein fin tur på ca. 60 km som kan kombinerast med andre aktivitetar på Voss. Syklar ein andre vegen mot Dale kjem ein fyrst til demninga ved Storefossen før ein startar på nedstigninga til Dale gjennom den 4 km lange gamlevegen med fantastisk utsikt og vakker natur. Sykkelruta er merka med blå skilt. For ein litt lettare og kortare sykkeltur kan ein la turen gå frå Bergsdalshytta til Hamlagrø og tilbake samme vegen, ei strekning på ca. 18 km kvar veg.
sturen.

Kvart år i juni vert Bergsdalen Opp arrangert, eit kombinert sykkelritt, motbakkeløp og rulleskirenn. Distansen opp er ca. 4 km og med ei jamn stigning heile vegen på 10%. For entusiastar er dette ei styrkeprøve som er verdt å ha med på merittlista, gjerne kombinert med eit par dagar restituering i Bergsdalen.

Foto: Pixabay