Vilkår og betingelser

Generelle vilkår og betingelsar for bestilling av overnatting hjå Bergsdalshytta.no

1. Definisjonar
Fylgjande definisjonar gjeld for desse generelle vilkår og betingelsar for bestilling av Overnatting gjennom bergsdalshytta.no:

    • «Kunden» : Er kunde som bestiller overnatting på bergsdalshytta.no.
    • «Bergsdalshytta» : Bergsdalshytta, Bergsdalsvegen 563, 5722 Dalekvam, tlf. 976 510 93, e-post.: post@bergsdalshytta.no er eigar og drivar av nettstaden og tilbyr overnatting til Kunden. 
    • «Overnatting» / «Rom» : Er det eller dei overnattingsromma som vert tilbode av Bergsdalshytta gjennom nettstaden.
    • «Betingelsar» : Er Bergsdalshytta sine eigne bestemmelsar for bestilling, samt vilkår og betingelsar for leige og bruk av overnattinga/rommet.
    • «Vilkåra» : Er desse generelle vilkåra og betingelsane for formidling og bestilling av overnatting.

 

2. Bakgrunn
Bergsdalshytta leiger ut rom for overnatting etter avtale til Kunden gjennom Nettstaden. Vilkåra gjeld når Kunden bestiller Overnatting gjennom Nettstaden.

3. Kunden
Kunden må være myndig, ha rettsleg handleevne til å påta seg kontraktsrettslige forpliktelsar og ha naudsynte samtykke eller myndigheit til å handle for eller på vegne av personar som er inkludert i bestillinga av Overnatting. Kunden er fullt ut ansvarleg (økonomisk og på anna måte) for sine aktivitetar på Nettstaden.

Kunden garanterer at informasjonen som Kunden i høve bestilling av Overnatting registrerer på Nettstaden om seg sjølv og den/dei personar som er inkludert i bestillinga er korrekt og nøyaktig.

Den som er registrert som kunde hos Bergsdalshytta, er ansvarleg for betaling av dei ytelsar som Bergsdalshytta eller Bergsdalshytta sine samarbeidspartnarar leverer i henhold til nærværende vilkår. Ansvaret omfattar også andre sin bruk av kunden sin tilgang, herunder uvedkommande sin bruk, så framt det ikkje kan påvisast at uvedkommende sin bruk er mogleggjort gjennom uaktsomheit frå Bergsdalshytta si side.

4. Bestilling, endringar og avbestilling
Bestilling av Overnatting skal skje i samsvar med Vilkåra og for øvrig på den på Nettstaden anviste måte.
Kunden pliktar å sette seg inn i Vilkåra og Bergsdalshytta sine betingelsar før bestilling av Overnatting og har ved bestilling akseptert desse som bindande.
Bekreftelse på bestilling av Overnatting vert sendt frå Bergsdalshytta til Kunden via e-post. Kunden er sjølv ansvarleg for å sjekke at opplysningane i bekreftelses-epost er korrekte. Hvis Kunden ikkje mottek bekreftelse på e-post innan 24 timar etter at bestillinga er utført, må Kunden kontakte Bergsdalshytta via kontaktinformasjon som finns på Nettstaden.

Bestilling av  Overnatting er rettsleg bindande straks den er bekrefta. Avbestilling kan gjerast gjennom skriftleg melding per epost, seinast seks veker innan dato for Overnattinga.

5. Force majeur

Er Bergsdalshytta forhindra fra å levere eller foreta pliktig omlevering, eller blir ei slik leveringsplikt urimeleg tyngande som fylgje av arbeidskonflikt eller einkvar annan omstendigheit som partane ikkje kan rå over; er Bergsdalshytta fritatt for alt anna ansvar enn i reklamasjonstilfelle, og kreditere tenesta i samsvar med kjøpesum.. Ved brann, krig, mobilisering eller uforutsette militære innkallingar av tilsvarande omfang, rekvisisjon, beslag, valuta restriksjonar, opprør og oppløp, knappheit på transportmidlar, alminneleg vareknappheit, innskrenkning i tilførsel av drivkraft, samt manglar ved eller forsinkingar av leveransar fra underleverandørar eller produsentar som fylgje av slike omstendigheiter som vert omhandla i dette punkt, er Bergsdalshytta fritatt for alt anna ansvar enn i reklamasjonstilfelle og kreditere tenesta i samsvar med kjøpesum.

6. Ansvarsforhold
Kunden er sjølv ansvarleg for å sette seg inn i reglar og bestemmelsar som gjeld for opphald på Bergsdalshytta.
Bergsdalshytta er ikkje ansvarleg for tap som fylgje av tekniske feil eller liknande på Nettstaden.

7. Misleghald ved bruk av Nettstaden
All bruk av Nettstaden som er ulovleg, uredeleg, upassande eller forøvrig i strid med Vilkåra og/eller Bergsdalshytta sine betingelsar, gir grunnlag for å nekte Kunden tilgang til Nettstaden og/eller Bergsdalshytta.

8. Endring av Vilkåra
Vilkårene kan når som helst bli endra av Bergsdalshytta, utan forvarsel, sjølv om slike endringar ikkje vil gjelde for bestillingar som allereie er foretatt.

9. Lovval og verneting
Vilkåra er underlagt norsk rett. Norske lovvalsreglar skal ikkje kunne leie til val av eit annet land sin rett.
Einkvar tvist som måtte oppstå med tilknyting til Vilkåra, vert avgjort ved ordinær rettergang.

10. Personopplysningar

Vi er opptatt av å handtere personopplysningar på ein trygg måte. Under får du ei nærare skildring av korleis vi handterer desse opplysningane.
Når du handlar hos oss, oppbevarer vi mellom anna namn, adresse og e-postadresse. Dette er informasjon vi treng for å tilby tenestene til deg, samt kontakte deg om forhold i høve bestillinga. Bergsdalshytta er dessutan pålagt å oppbevare denne informasjonen i forbindelse med føring av rekneskap, avgiftshandtering og eventuell garanti-/returhandtering, slik at denne historikken ikkje kan slettast. Vi oppbevarer av sikkerheitsomnsyn også ip-adressa som er benytta for å registrere bestillinga.

Kortnummer vert ikkje oppbevart av Bergsdalshytta utover det som er naudsynt for å sikre effektiv handtering av eventuelle problem med belastning, oppheving av reservasjon og kreditering. 

Vi samlar også inn og oppbevarer loggdata som kva kategoriar og produkt kundar kikkar eller søkjer på, for å lære kva kundane våre er opptekne av, samt forbetre produktutval og tilbod. Denne informasjonen vert nytta også for å kunne gjere det mogleg å vise deg relevante produkt, eller sende deg relaterte tilbod (dersom du har bedt om dette). Informasjonen vert også nytta for å produsere trafikkstatistikkar for bl.a. kapasitetsplanlegging.

Vi tilbyr nyheitsbrev for ulike typar informasjon og tilbod (gjennom e-post). Det er frivilleg å motta desse, og ein må eksplisitt melde seg inn. Det er også enkelt å melde seg av mottaking av nyheytsbrev.
Pris og tilgjengelegheit på produkta er basert på det tidspunktet du la produkta i handlevogna. Vi tek forbehold om at prisane kan endrast under ulike kampanjar med utløpsdato. 

Bergsdalshytta sel ikkje personopplysningar til tredjepart, og vi bytter eller videreformidlar ikkje slik informasjon med tredjepart.
Bergsdalshytta ved daglig leiar er ansvarlig for behandlinga av personopplysningar som skildra over her.

11. Copyright

Alt innhald på nettstaden er Bergsdalshytta eller underleverandør av nevnte sin eigedom og er beskytta etter bl.a. opphavsretts-, markedsførings- og varemerkelovgivinga. Dette inneber at varemerke, firmanamn, produktnamn, informasjon om produkt, herunder m.a. omtale av produkta og vekt, bilete/grafikk, design og layout og anna innhald på nettstaden under einkvar omstendigheit ikkje kan lastast ned, kopierast eller benyttast på annan måte utan at dette er eksplisitt tillete etter ufråvikeleg lovgiving eller etter uttrykkeleg skriftleg samtykke på førehand frå Bergsdalshytta.